Byfossen i Kristiansund

(1992)

Om kunstverket

Mer om Kristiansund sitt kommunevåpe
Kristiansund sitt kommunevåpen, tidlegare byvåpen for Kristiansund, er definert som: «på blå bunn med sølv en høy klippe med et vannløp med tre fisker».I den opphavlege skildringa frå 1742 er det presisert kva slags fisk det er: «hvori forestilles et Vandløp af en høi Klippe, imot hvilket springer laks». I tillegg til dette motivet finn vi årstalet 1742. Våpenet har murkrone i gull.

Motivet er basert på ei feiltolking av stedsnamnet Lille-Fosen, det gamle namnet på Kristiansund. Då kong Christian VI i 1742 gav staden privilegium som kjøpstad og endra namnet til Christianssund (frå tidleg på 1900-talet Kristiansund), fekk stiftamtmann Ulrik Christian von Nissen i oppdrag å foreslå eit motiv til byvåpen. Det er ikkje kjent noko segl frå Lille-Fosen, så han starta med blanke ark. Nissen hadde kome til Trondheim som amtmann og stiftamtmann i 1736, og kan ikkje ha vore så godt kjend på Nordmøre, for han feiltolka stadnamnet som foss. Fosen eller Fosna kjem truleg frå norrønt folksn, som tyder 'gøymestad'. Dette viser nok til ei trygg hamn. Men Nissen meinte at ein foss med laks måtte vere det rette. Byfogden klaga ikkje på dette, og leverte teikning til eit segl med omskrifta «CHRISTIANS.SUNDS.BYES.SEIGL.». Han la og til årstalet 1742.

Fargane i seglet er nok ikkje eldre enn byrjinga av 1900-talet, så det runde seglet - minus omskrifta - vart omsett til skjoldform. Skjoldet har fransk form, det vil seie eit firkanta skjold der nederste rand er forma som ei klamme (sjå bilete).

Når kommunevåpenet vert trykt nyttast blåfarge 100 % cyan og gulfarge (i krona) 100 % gul og 10 % magenta, samt sort og kvit. Utført med lakk eller maling nyttast gull og sølv i staden for gul og kvit.

Byseglet kan framleis nyttast, då med den opphavlege utforminga frå 1742.

Relaterte artikler